Kven skal få klage til FN?

Av Ingrid Egeland Thorsnes

I august 2015 leverte professor Kjetil Mujezinović Larsen ved Norsk senter for menneskerettigheter rapporten «Konsekvenser ved eventuell norsk tilslutning til den valgfrie protokollen om individuell klagerett til FN-konvensjonen om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne til Utanriksdepartementet». Larsen blei tildelt oppdraget etter at Stortinget drøfta tilslutning til klageordninga til FNs barnekonvensjon hausten 2014. Utanriksminister Børge Brende bad i denne samanheng om at klageordningane til barnekonvensjonen, FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) og FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK) skulle vurderast saman.

Ei individklageordning i FN sitt konvensjonssystem inneber at enkeltpersonar kan klage saker om konvensjonsbrot inn for den respektive FN-komiteen. Ei slik ordning gjer det mogeleg for ein enkeltperson som opplev brot på sine menneskerettar å klage saka si inn for FN etter endeleg dom i norske domstolar. Dette er viktig for å sikre at norsk politikkutforming, lovverk og forvaltningspraksis er i tråd med Noregs menneskerettslege forpliktingar. Døme på klagesaker som kan tenkast å kome mot Noreg til CRPD-komiteen er saker som gjeld bruk av tvang i psykiatrien, manglande tilgjengelegheit eller diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne i arbeidslivet.

Noreg er allereie tilslutta klageordningane til FNs konvensjon om sivile og politiske rettar, FNs kvinnediskrimineringskonvensjon og FNs rasediskrimineringskonvensjon. I tillegg kan den norske stat klagast inn for den Europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Samanlikna med talet på klager som kjem til menneskerettsdomstolen, er talet klager til FN-komiteane svært lågt. Gjennom historia har det vorte fremja totalt 29 klager mot Noreg i FN-systemet.

Til trass for dette låge talet, synast norske myndigheiter å frykte at tilslutning til nye klageordningar vil føre til ei uakseptabel maktoverføring til FN-komiteane. Det vert hevda at komiteane stadig vil tolke rettane utvidande og gjere konvensjonsforpliktingane meir omfattande enn kva som var staten sin intensjon ved tilslutninga. Dette til trass for at avgjerdene til komiteane ikkje er rettsleg bindande og vert gitt i form av tilrådingar til statane.

Ei felles handsaming av dei tre klageordningane kan nok i utgangspunktet synast logisk. Når ein ser nærare på dei tre konvensjonane og tilhøyrande klageordningar, ser ein likevel betydelege skilnader. Alle dei tre klageordningane er utreda av norske ekspertar. ØSK blei utreia av Professor Henning Harborg i 2011, barnekonvensjonen av advokat Frode Elgesem i 2013 og CRPD av Kjetil Larsen no i 2015. Av dei tre utreiingane er Harborg langt meir kritisk enn dei to andre, som synast å vere positive til tilslutning, sjølv om dette ikkje vert uttrykt eksplisitt. Vidare er det ein betydeleg skilnad i nasjonal samanheng at ØSK og barnekonvensjonen gjeld som norsk lov med forrang framfor anna norsk lovgiving etter menneskerettslova § 3, medan CRPD førebels ikkje gjeld som norsk lov.

Det er mange gode grunnar til at Noreg skal slutte seg til klageordningane i FN-systemet. For det første vil det sende eit viktig signal om at Noreg tek menneskerettane på alvor på heimebane. Dette er essensielt for at Noreg skal oppretthalde sin status som føregangsland på menneskerettsfeltet internasjonalt. Vidare vil komiteane si tolking av rettane i konvensjonane gjere innhaldet klarare, og slik gjere menneskerettane meir anvendelege for norske domstolar og rettsbrukarar i forvaltninga. Dette vil igjen bidra til reell oppfylling av dei menneskerettslege forpliktingane som staten allereie har påteke seg.

Det er førebels vanskeleg å sei noko om kva utfallet av den komande debatten vil verte. Det er sterke meiningar på begge sider, og ulike omsyn gjer seg gjeldande for dei tre klageordningane. Mitt håp er likevel at vektige argument mot ein av klageordningane ikkje skal føre til at Noreg ikkje sluttar seg til nokon av klageordningane. Det ville i så fall vore eit stort tilbakesteg for menneskerettssituasjonen i Noreg.

2 kommentarer

Legg inn en kommentar