Dette innlegget byggjer på rapporten «Rettane til LHBTI-barn i Noreg» – skrive av Ingrid Egeland Thorsnes på oppdrag frå Redd Barna, LLH og Skeiv Ungdom.
Intersex betyr at ein er født med kjønnskarakteristikkar som skil seg frå det som typisk meinast med «gutekropp» eller «jentekropp». Etter dagens praksis gjer legane ulike undersøkingar før dei konkluderer med kva for eit kjønn dei meiner barnet skal verte oppdratt som. Det er foreldra som avgjer om operasjon og/eller hormonbehandling skal gjennomførast. Ofte vert barna operert medan dei framleis er spedbarn. Føremålet med slike operasjonar er at barnet sin kropp skal verte forstått som enten «gutekropp» eller «jentekropp».
Denne praksisen reiser spørsmål om brot på grunnleggjande menneskerettar for barna. Dette gjeld særleg prinsippet om barnets beste i FNs barnekonvensjon, barnet sin rett til å verte høyrt, retten til fysisk integritet og til å utvikle sine eigen identitet. I somme tilfelle kan praksisen også definerast som umenneskeleg behandling.
Praksisen med å operere barn med atypiske kjønnskarakteristika kort tid etter fødselen er sterkt kritisert av internasjonale menneskerettsorgan, herunder FNs høgkommissær for menneskerettar. I tillegg har FN sin spesialrapportør på tortur oppmoda alle statar til å avskaffe lover som tillét «kjønnsnormaliserande» operasjonar.
Til tross for sterk kritikk frå menneskerettsorgan meiner framleis nokre av organisasjonane for intersex, som amerikanske ISNA og Norsk forening for genitiale anomalier at barn med intersex-tilstandar skal få tildelt enten mannlig eller kvinnelig kjønn og få behandling (operasjon/hormonbehandling) for at kroppen skal kome mest mogeleg i samsvar med det tildelte kjønnet. Desse organisasjonane meiner at ein uklar kjønnsidentitet vil gjere det vanskeligare å leve med tilstanden.
Denne haldninga synast å byggje på ei heteronormativ og tradisjonell forståing av at det alltid vil vere det beste for barn å vakse opp med sitt tildelte kjønn, utan å ta omsyn til barnet sine eigne meiningar og av barnets kjønnsidentitet. Dagens praksis inneber at ein utfører irreversibel kirurgi og gir hormonbehandling, som ikkje er medisinsk naudsynt, til barn som ikkje kan samtykke og før barnet har utvikla sin kjønnsidentitet. Kirurgiske inngrep og hormonell behandling kan også medføre alvorlege medisinske komplikasjonar som tap av reproduktive evner og seksualfunksjon. I tillegg kan barnet komme til å ha en anna kjønnsidentitet enn det kjønnet legane og foreldra avgjer at barnet skal ha.
Eventuell hormonbehandling og operasjoner bør derfor ikkje gjennomførast før barnet er gamalt nok til å kunne avgjere sjølv korleis kroppen skal utvikle seg og kan gi et informert samtykke til eventuell medisinsk behandling.
Barnets beste og barnet si eiga meining må etter barnekonvensjonen leggast til grunn for å sikre menneskerettane til barn som er fødd med atypiske kjønnskarakteristika. Det er derfor svært viktig at det vert utarbeida klare retningslinjer for behandling av desse barna i tråd med barnet sine grunnleggjande menneskerettar. Foreldra må på sjukehuset også får god og oppdatert informasjon om organisasjonar for intersex-personar og andre som dei kan kontakte for å drøfte ulike spørsmål dei måtte ha i denne situasjonen. For å sikre at norske styresmakter oppfyller menneskerettane til desse barna bør det også settas i verk ei offentleg utreiing for å utarbeida klare retningslinjer for behandling av barn som er fødd med atypiske kjønnskarakteristika.
Rapporten er tilgjengeleg her:
http://www.reddbarna.no/nyheter/barn-som-bryter-med-normer-for-kjoenn-og-seksualitet