Ein uhaldbar praksis frå staten

Skrevet av Solveig Brunvoll, medarbeider i Jussbuss.

Solveig Brunvoll, medarbeider i Jussbuss.

Sjå for deg at du har flykta frå krig og forfølging til eit framandt land på andre sida av jorda. Du er 16 år gamal, og har mista familien din på vegen. Du har ikkje identitetspapir og politiet i Noreg prøver å finne ut av kven du er. Du seier alt du veit om deg sjølv. Kva du heiter, kor du er frå og når du vart fødd. Du skildrar flukta i detalj, og får dei same spørsmåla om att og om att for at ein skal vere sikker på at det du seier er sant. For å kontrollere alderen din, ber UDI om at det blir gjort ei medisinsk undersøking av deg. Resultatet av testen som vert nytta er svært usikkert, og alderen din vert sett til å vere mellom 17 og 20 år. Dette gjer at du blir plassert på eit asylmottak for vaksne, og seinare kan miste retten til statsborgarskap i landet du har kome til. Dette til tross for at du faktisk er 16 år. 

Dette skjer med fleire asylsøkarar i Noreg i dag.

Å vere sikker på identiteten til utlendingen er viktig for å kunne vurdere behovet for vern, og for å avgjere om vedkommande skal på eit asylmottak for barn eller vaksne. Asylsøkarar som kjem til Noreg har difor ei plikt til å dokumentere identiteten sin. Enkelte asylsøkarar har ikkje dokument som kan bevise dette, eller har kun moglegheit til å skaffe dokument som norske styresmakter ikkje stoler på.

Viss det er konkret tvil om alder kan UDI då be om at det vert gjort ei biologisk aldersundersøking av asylsøkaren. Omsynet bak testen er isolert til asylprosessen og vurderinga av behovet for vern. Verktøyet som vert nytta vert kalla BioAlder, og går ut på at ein skal ta røntgenbilete av handrot og tann for å sjå kor modent skjelettet er. Resultatet av desse undersøkingane skal vurderast saman med andre opplysningar i saka, og så danne grunnlaget for å slå fast alderen til asylsøkaren.

Likevel er det ikkje slik testen vert brukt i dag. I praksis ber ein som regel om at alderstesten vert tatt sjølv om det ikkje er konkret tvil om alder, og det vert kun tatt bilete av tenner, og ikkje handrot. Ikkje berre gjer dette resultatet svært usikkert, men Legeforeininga sitt menneskerettsutval har òg åtvara mot å gjere medisinske undersøkingar utelukkande på grunn av innvandringsregulerande omsyn. 

Ein ting er at ein i det heile tatt nyttar slike testar i asylprosessen. Det har ikkje vi i Jussbuss kompetanse til å vurdere om er lurt eller ikkje. Det er det medisinarane og statistikarane som kan. Det vi likevel ser i vår saksbehandling er at desse testane kan få store konsekvensar for asylsøkaren fleire år etter han først vart tatt, og i ein heilt anna samanheng enn i asylprosessen. Dette kan til dømes vere i ein seinare søknad om statsborgarskap.

Les også
Saksbehandlingstid i UDI: En sårbar ventetid for mange
Hvorfor må en mediesak til for å få riktige avgjørelser?
Tilbakekall av statsborgerskap må kunne foreldes

Det er nemleg eit krav om å ha ein klarlagt identitet når ein søker om eit norsk statsborgarskap. Kravet til sannsyn i identitetsvurderinga er då strengare enn i asylvurderinga, fordi ein ved asylsøknadar primært skal vurdere behovet for vern, mens ein ved seinare søknadar skal sikre notoriteten til det norske passet. Resultatet frå alderstesten tatt i asylprosessen er då med i vurderinga av om ein er tilstrekkeleg sikker påidentiteten til søkaren eller ikkje. Dette kan vere vurderingar som blir gjort fleire tiår etter søkaren kom til landet, og tvilen frå testen kan vere svært vanskeleg – om ikkje umogleg – å tilbakevise seinare.

Ikkje berre gjer dette at ein ikkje får eit norsk statsborgarskap. Identitetstvilen kan òg gjere at vedkommande ikkje får identitetspapir som reisedokument og pass, og ikkje får tilgang til eID på høgaste tryggleiksnivå. Det hindrar tilgang på tenester som BankID og i nokre tilfelle andre grunnleggande banktenester. I praksis kan dette for eksempel føre til at ein ikkje får logga inn i Helsenorge og ikkje får dei trygdeytingane ein har krav på. Vidare er det vanskeleg å skaffe seg lovleg arbeid fordi ein ikkje har ein bankkonto å få utbetalt løn til, og ein kan ikkje reise for å besøke familie i utlandet. Dette er svært inngripande avgrensingar i ein person sitt liv, og det er sterkt problematisk at dette skjer med ei gruppe som uansett ikkje kan returnerast til landa dei kjem frå då dei uansett har eit behov for vern. 

Å avslå søknadar om statsborgarskap frå denne gruppa er difor ikkje innvandringsregulerande, men utelukkande integreringshemmande. Jussbuss meiner difor at tvil om alder basert på ei usikker aldersundersøking ikkje kan brukast for å avslå ein søknad om statsborgarskap.